O

Velkommen til galleri OZ på nett.  

     Tlf.(+47) 56 57 62 44


JULEUTSTILLING i GALLERI OZ
27. nov. 23. des. 2004
OPNING LAURDAG 27. NOV. KL. 13.00



Det er med stor glede Galleri Oz no vil vise keramikk frå den kreative Haugland familien frå Os. Både mor, far og dotter har valgt å gå kunstens veg og alle har leire som sitt uttrykksmiddel. Dei har verkstad på same plass og samarbeider med nokre av arbeida medan andre er deira personlege uttrykk. Atle og Torhild har stadig nye utrykksformer . Dei meiner at Silje`s nærvær på verkstaden i det siste har inspirert deira utrykk både i farge og formspråk.
Tidlegare hadde dei utsalsbutikk på verkstaden, men no er det på utstillingar rundt omkring ein kan få kjøpe dei vakre gjenstadane dei tryllar fram på Haugland.
Keramikken alle tre jobbar med er steingods leire og porselen med ei høgbrent , sterk kvalitet. På juleutstillinga presenterer dei eit vidt spekter med mange ulike keramiske teknikkar og uttrykk. Heilt nytt denne gongen er maleri og silketrykk frå Torhild Emely. L. Haugland ! Ho teiknar og maler mykje, men har aldri vist dette i utstillingssamanheng før.

Torhild Emely L. Haugland
Atle Haugland
Silje Haugland

stiller ut: KERAMIKK , SIKETRYKK , MALERI OG SKULPTUR

Torhild Emely L. Haugland er utdanna ved kunsthandverkskulen i Oslo (SHKS) 3 år , med diplomeksamen 4. året . Ho er også utdanna formingslærar (SLFN).
Etter endt utdanning i 1971 etablerte ho og mannen Atle Haugland eigen verkstad i Os, og ho har vore aktiv keramiker sidan då. Sidan 1979 har dette vore einaste inntektskilda for dei begge.
Ho utviklar mest dekorative, nyskapande keramiske objekt og hovedkonseptet ho jobbar mest med er symbolbruk. Dekoren hennar er inspirert og henta frå naturens former som landskap , dyr , blomar ,trær og menneske osv. Mykje av hovudkonseptet utover dette er symbolbruk henta frå Bibelen og dagleg liv.
Dette vil de sjå i Torhilds heilt nye arbeid som ho utformer både i maleri , silketrykk og i keramikk. Ho har hatt store utsmyknings prosjekt både for kommunen og private institusjoner og 19 separatutstillingar . Ho har også delteke i ei rekkje kollektive utstillinger både i inn og utland. Geografisk finn en hovud distribusjons kanalane hennar på vestlandet. Ho har vore medlem av NK sidan 1980.

Atle Haugland er utdanna ved kunsthåndverkskolen i Bergen (BKHS) 3 år og 4. året diplomeksamen i Oslo ( SHKS). Han er også utdannet formingslærer (SLFN).
Han var ferdig utdanna i 1971 og har vore medlem av NK siden 1980.
Han utviklar nyskapande keramiske objekt med hovedinspirasjons kilde frå naturen. Konseptet han jobber mest med er form. Spesielt liker han å utvikle store former og utnytte leira sine eigenskaper på nye måtar. På denne juleutstillinga stiller Atle Haugland ut keramiske bruks gjenstander og abstrakte , naturalistiske relieff og skulpturar .
Formene hans har mange varierte fargar , av vakre spesielle sjølvlagde glasurar. Ha stiller bl.a. ut vegg og bord lysestakar. Eit av arbeida hans er "Hanekannen" som har et humoristisk preg og med ein orginal ,og fantasifull utforming.
Atle har hatt store utsmyknings prosjekter både for private institusjoner , i kommunen og utført 18 separat utstillingar. Han har også delteke i ei rekkje kollektive utstillingar både i inn og utland. Geografisk finn ein hovud - distribusjonskanalane hans på vestlandet.


Silje Haugland er utdanna ved Høyskolen i Akershus ( 1996 - 1999)
avd. formgiving og produkt design og produkt utviklar med hovudvekt på det keramiske materialet.
Hun har i det siste årene hatt fleire utstillings prosjekter i landet.
Ein av de siste utstillingane hadde ho i design butikken TIT i Bergen , med mange besøkande. Ho fekk kulturprisen i Os i 2001.
Det ho jobbar mest med for tida er handlaga servanter som ho har fått stor respons på. På denne utstillinga vil de sjå ein av hennar nye servanter som Torhild har dekorert.
Ho stiller også ut designa funksjonelle produkt som klokker , krus, vasar og vakre lampar i porselen.


Velkommen til utstilling i Galleri Oz !