|
Galleri OZ
Vi ønskjer alle velkommen til opning i Galleri Oz torsdag 23. juni kl. 18.00 !
Hovudutstillar i vårt sommargalleri er kunstnaren Geir Nymark frå Voss. Han vil vise grafikk skapt gjennom ulike
etseteknikkar. Han får selskap av si kone og kunstnar Bergfrid Mørkve som viser
treskulpturar.
|
I tillegg har fleire av kunstnarane frå skulptursymposiet som pågår i Os i desse dagar tatt med seg skulpturar i stein som vil bli vist på vår sommarutstilling.
Og vi kan fortelje at Geir Nymark, i tillegg til å være vår hovudutstillar, også er blitt valt til festivalkunstnar 2005 for Osøren Blues og Jazz Festival. Han er ein bluesentusiast og vil sjølv delta på ein konsert - med innslag av lette jazztonar - på Opus KulturCafé 23. juni frå kl 19.00 etter opning av vår sommarutstilling.
Etter at Geir Nymark var ferdig på Norsk Kunsthåndverksskole på Voss og to års arbeid med treskulptur under Sjur Mørkve, har han arbeidd på heiltid med treskulptur og biletkunst. Frå 2003 har han etablert eigen grafikkverkstad på Kulturverkstaden Magasinet på Voss.
Dei grafiske blad som blir vist på Galleri Oz er blitt til ved bruk av ulike etseteknikkar som akvatint, sukkerakvatint og flatbiting. Bildet blir først skapt i kobber eller sinkplate. Han seier sjølv han føretrekker å arbeide med sink, då denne gir et noko ”råare” uttrykk. Han har alltid vore tilbøyeleg til å eksperimentere og han arbeider som oftast direkte med plata utan for mange skisser. ”Eg er tilhenger av et spontant og reint uttrykk og er fascinert av etsingas stofflige og teksturelle karakter.” Trykkinga er ei omfattande og tidkrevande prosess som gjer kvart enkelt trykk til et unikt arbeid.
Geir Nymark har hatt ei rekke utsmykkings- og spesialoppdrag, blant anna for Statoil, Gjensidige forsikring, Saga A/S, Det Norske Teater og Universitetet i Oxford. Oppdragas karakter har variert mellom maleri, skulptur og illustrasjonar. Han har også deltatt på fleire kollektive utstillingar og var i 2004 Månedens grafiker i Aktuell kunst nr 6.
Bergfrid Mørkve har også sin bakgrunn frå Norsk Kunsthåndverksskole på Voss og to års arbeid med treskulptur under Sjur Mørkve. Ho arbeider med treskulptur i eigen verkstad på Vossestrand og på Kulturverkstaden Magasinet på Voss.
Ho hentar mye inspirasjon frå miljøet og folkelivet på landsbygda, kanskje mest slik det var i barndom og oppvekst, og er opptatt av uttrykk meir enn detaljer. Arbeid på Kulturverkstaden Magasinet, der mange kunstnarar er samla under eitt tak, har ført til eit nært samarbeid med grafikaren Kristian Finborud, der ho ”overset ”hans skisser og bilete til tredimensjonale treskulpturar. Bergfrid Mørkve vil helst arbeide i bjørk eller lind og likar å arbeide i ein litt naivistisk og ”naken” stil.
Bergfrid Mørkve har dei siste åra delteke på fleire utstillingar, blant anna på Hardangerutstillingen, Galleri Voss, Galleri Allmenningen i Bergen og Galleri Giga på Stord.
Utstillingen blir ståande til søndag 28. august 2005
Velkomen!

|