O

Velkommen til galleri OZ på nett.  

     Tlf.(+47) 56 57 62 44
 





Gro Nesheim Øvsthus

Litt om arbeidsmetode/uttrykk:

For å skapa eit uttrykk som er enkelt, har stramme former og god funksjon, brukar eg plateteknikk. Dvs. at eg kjevlar ut leira på ei platerulle, deretter skjer eg til fasongen, t.d. til ei mugge. Når leira har tørka litt, formar eg gjenstanden på ei trekjegle, ein papprull el.likn. Eg brukar oppslemma leire som "lim" og arbeidar skøyten saman. Så tek eg mugga av forma og set botnen på. Denne metoden gjer at ein må gjennom fleire arbeidsoperasjonar for å få eit ferdig resultat, i forhold til når ein dreiar.

For å få til ulike utrykk, varierer eg overflata enten med å prega ho før eg set saman gjenstanden, eller brukar forskjellige metodar for å dekorera overflata. Eg brukar avispapir, voks, lim, sandpapir stoff m.a.

Eg brukar for det meste ei steingodsleire som inneheld fin chamotte (brent, knust leire). Dette gjer leira svært stabil og at ho ikkje sprikk så lett. Ho blir brend opp til 1240 gr. i glasuromn.

CV

Gro Nesheim Øvsthus

Fødd 1955

Adr.: Lundarvegen 19
5700 Voss

Verkstad : Kulturverkstaden Magasinet
Tvildemoen, 5700 Voss

E-post : gro.ovsthus@gmail.com

Mob. 90 85 33 19

Sidan 1998 har eg arbeidd med leire på heiltid; dei fyrste åra som elev og seinare lærar for dei yngste elevane på Voss Folkehøgskule, og som hospitant på lina " Harde og plastiske material" på Vatle vidaregåande skule.

I 2001 fekk eg eigen verkstad på Tvildemoen, i Kulturverkstaden Magasinet, eit fellesskap med mange kunstnarar og kunsthandverkarar på Voss.
Eg leverer til fleire galleri og butikkar, :
Galleri Giga, Galleri Guddal, Galleri Oz, Galleri Å`Godt, Galleri Gamlebanken på Eid, Galleri Ryvarden, Galleri Mjøsvågen, Hamarøy galleri, Hjertholm, Kvingedal, Bli Z Kunst & Design, Glød.

Desse utstillingane har eg delteke på:

Jolautstillinga i Voss Kunstlag 2002
Sommarutstillinga på Mjonøy, Vinje 2005
Haustutstillinga Åsane Kunstforening 2005
Jolautstillinga Ål kunstforening 2005
Vossakunst - Hardanger Folkemuseum 2006
Rett frå Magasinet, felles utstilling i Galleri Voss 2006
400meterkunst 2007
Jolautstilling Galleri Rustica 2007
Jolautstilling Voss Kunstlag 2007
400meterkunst 2008
Olsvikutstillingen
Jolautstilling Voss Kunstlag 2008