O

Velkommen til galleri OZ på nett.  

     Tlf.(+47) 56 57 62 44






Hans Ingebrigtsen (f. 1941) er teiknaren og formingslæraren som etter kvart utvida repertoaret til akvarell og akrylmåling.

Han har alltid teikna, og fekk høve til å dyrka interessa for dette under utdanninga på Lærerhøgskolen i Forming på Blaker.

Inspirasjon til å utvida og vidareføra målinga fekk Hans ofte av elevane i formingstimane.
Utstillinga viser eit lite utval av alt han har produsert opp gjennom åra. Tidlegare har han berre vist måleri og kulisser i samband med tilskipingane under Fritio i Os, pluss nokre få dekorasjonsarbeid her og der. Blant anna er to av måleria hans frå gamle Osøyro å sjå i vindauga til Sigurd Tvedt i Sentrumskvartalet.

Som pensjonist har Hans brukt meir tid på hobbyane sine, og er no klar til å debutera som utstillar. Teknikken er akrylmåling på lerret eller plate.